top of page

Overnatting

I Vågå kan ein bu på alt i frå hotell, til fjellstugu, hytter og campingplassar.

Sjå vår oversikt for å booke den innlosjeringa som passar dykk og gjestane dykkar best! 

Tåke.-Foto-Helge-Eek-scaled.jpg

Vågå sentrum og omeng

Foto: Helge Eek

Nordigard Blessom ligg rett ovanfor Vågåmo sentrum og byr på ein tradisjonsrik atmosfære, med nyrestaurerte tømmerbygg fra 1500 og 1600-tallet. 

Smedsmo Camping ligg ved R15 i Vågå sentrum, og er ein ypparleg «basecamp» for ein variert og spennande ferie i eit av Noregs mest populære turistområde.

På Valbjør får du bu på eit freda gardstun med mange gamle laftahus. Ein gravhaug vitnar om at det har vore busetnad her i meir enn 1000 år. Garden ligg høgt oppe i solsida, med utsikt mot snøkledde fjell i

Jotunheimen.

På Gammel-Kleppe har romma gode senger, moderne bad og nyskapande arkitektur i samspel med dei gamle tømmerhusa. Du bur i rom eller suiter som alle er ulike, men som med kunst, antikvitetar og bøker gjev deg eit herleg frirom der du kan nyte ei heilt stille natt, utan forstyrringar.

Moderne og heimekoslege hytter med fullt utstyrt kjøkken, bad, soverom, terrasse og stove med peis. Ved bestilling hos oss står hytta klar når du kjem, og du sjekkar enkelt inn med nøkkelboks. Sluttreingjering er alltid inkludert i prisen, det samme gjeld sengetøy og håndklede.

Blant gamle storgardar og husmannsplassar som kviler på små hyller i dalsida, høgt over det klårgrøne Vågåvatnet, der Jotunheimens snødekte tinder speglar seg, finn du Villa Vågå.

Dette er eit hotell med nærleik til naturen og norske tradisjonar, og området byr på mange flotte turmoglegheiter, sommar som vinter! Her kan du nyte den unike atmosfæren, eller reise ut og oppleve norsk kultur og natur på sitt beste.

Holungsøy camping ligg 7 km frå Vågåmo sentrum i landlege område med gode turhøve. Plassen er eit godt utgangspunkt for dei forskjellige nasjonalparkane i området; Jotunheimen, Rondane og Dovrefjell. Den ligg 2 km fra luftsportssenteret. Høve til fiske på campingplassen. Diverse aktivitetar i nærleiken.

Ein fyrsteklasses stad for ferie eller eit par dagers opphald.
Framifrå moglegheiter til friluftsaktivitetar, slik som turgåing, fiske, sykling, alpint og langrenn.

Vågå_Vågåvatnet_utsikt_bade_Badstue_villa-vågå_frys-film

Til fjells

Familiedrive fjellstove med tradisjonelle hytter, hotellrom, klassisk, norsk kjøkken, fjell-, natur- og kulturopplevingar.

Om du ynskjer å leve det gode liv med ro og nærleik til naturen, er Grov Camping stedet for deg. Vi ynskjer å gje deg det lille ekstra i form av gode opplevingar og godt vertskap i ein unik, romantisk landstil.

Gjendesheim har 185 senger, fordelt på 1-, 2- og 4- sengsrom. Vi har også sovesalar. Vi oppmodar alle gjester om å booke opphald på Gjendesheim i god tid før fjellturen og ankomst, men tek også i mot gjestar på drop in. Hugs å ta med gyldig DNT-medlemskort og velkommen til fjells!

Jotunheimen Husky Lodge består av fire sjølvhushaldsleilegheiter av høg standard med stove, kjøkken og bad. Totalt 22 sengeplassar. I sommarhalvåret leier vi også ut ei triveleg tømmerhytte på tunet.

Sjodalen Hyttetun

På Sjodalen hyttetun kan du bu i villmarkshytter, unike eventyrhytter eller campe.

Gjendebu ligg flott til i den inste  enden av Gjendevatnet, midt i hjartet av Jotunheimen. Den er DNT si eldste turisthytte, bygd i 1871. Sidan har hytta vore utvida og ombygd mange gonger, og den har i dag 119 senger og relativt moderne fasilitetar.

Vi tilbyr overnatting i rom, leilegheiter og hytter. I tillegg har vi ein enkel campingplass.

På Bessheim er det til saman 180 senger. Romma har fjellstovestandard med oppreidde senger, og dusj og toalett. Både standard og storleik varierer mykje på hyttene og leilegheitene. 

Jotunheimen caravan camp tilbyr fjellfriskt campingliv i Jo Gjendes rike. Du finn oss ved inngangen til Jotunheimen Nasjonalpark, nærare bestemt i Sjodalen, ved Nedre Sjodalsvatnet. Vi ligg midt i eit av Noregs vakraste og mest brukte fjellområde. Dei unike naturområda gjev gode høve for friluftsliv, rekreasjon, jakt og fiske.

Mett av inntrykk og Skråpå-tå meny om kvelden. Leggje seg i oppreidd seterseng, sove djupt i fjellufta for så å vakne til frukost med mykje godt og heimlaga, til lyden av mjølkestellet. Seterovernatting i Lom og Jotunheimen er eksotisk og sann bot for sjela!

På Randsverk camping finn du solrike og attraktive, grøne areal med flott utsikt, 160 straumuttak og god plass til bubilar, campingvogner og telt.

Maurvangen er ein campingplass som ligg idyllisk til ved foten av Jotunheimen Nasjonalpark. Næraste nabo er den populære fiskeelva Sjoa. Besseggen Fjellpark ligg på ca. 1000 m.o.h., og med gangavstand til Gjendebåtane.

Memurubu har totalt 150 senger fordelt på rom med 2, 3, 4 og 5 senger samt sovesalar med 8 til 13 senger. Dei fleste romma har eigne bad med dusj og toalett. 

I det nyaste bygget finn du 12 familierom med plass til totalt 38 personar. Alle rom har høg standard med dusj og toalett. I bygget finn du også felles opphaldsrom med balkong. Bygget eignar seg godt for familie- eller firmasamlingar

Jotunfjell Alpakka

Tenk å sova med harmoniske og koselege alpakkaer rett utanfor glampinteltet. Opplev luksuriøs overnatting i naturskjønne omgjevnadar.

Brimi Fjellstugu byr på mat og kvile til kring 50 gjestar. Du kan sjekke inn på hotellrom, leige eigen hytte eller heile fjellstugu til møter og andre arrangement.

På Brimi Fjellstugu har alle rom eiga bad. Vi husar 10 dobbeltrom, 10 juniorsuitar, 3 eksklusive Fjellsuiter med balkong og badekar og ei frittståane hytte på tunet med tre soverom.

Hindsæter har 10 romantiske sæter-suiter og 7 dobbeltrom, alle med bad. Sæter-suitene er innreidd med historiske bondemøblar, åkle, slind og ei gammel dør til en liten «ostebu» som kan fyllast opp til din ankomst. Du kan også slå deg ned i vårt nye fjellbibliotek med panoramautsikt viss du bur hos oss.

bottom of page